Vi et klare. Det blir plate.

V

Etter lang tid med intensivt arbeide, tre studio, og takka være den til tider roterande besetninga, har Drittmaskin endeleg kome nærare ferdigstillinga av albumet Sosial Prolaps, enn nokonsinne.

Kunstnaren Wooden Cyclops lagar omslagsillustrasjonane.

Lamma av kontroversar, interne stridigheiter og motgang

Sjølv om bandet har vært lamma av kontroversar, interne stridigheiter og motgang har bandet klart å halde fokus på det unike dei har funne. Enkle låtar basert på gamle låtskrivartradisjonar pakka inn i eit lydbilete og lydlandskap ein kanskje finn likskap til i typiske musikksjangrar som black metal, thrash metal, punk, hardcore men og frå folk-rock og visesang.

Drittmaskin står på det urokkelege fundamentet lagt av bandet sine grunnleggarar

Konseptet til Drittmaskin står på det urokkelege fundamentet lagt av bandet sine grunnleggarar, tekstforfattar/frontmann Grindadrap, gitarist/produsent Avstralopithecvs og trommeslagar Snöfökk. Etter medlemmane Sörte Död på bass (og i nokre høver trommer) og Pheite Phillz på gitar (og til tider bass eller trommer) kom til, og grodde inn i kjernen av bandet hadde bandet funne sitt essensielle formspråk.

Albumet Sosial Prolaps er under produksjon og sit per i dag i siste fase før mastring og vært tilgjengelig på vinyl og digitale tjenester før nyåret.

Det vert eit lite og eksklusivt opplag, og dei som ynskjer å reservere eit eksemplar bes ta kontakt på epost (drittmaskin@gmail.com).

Select your currency
EUR Euro