Budstikke logo

Norgeskjendis gøymde seg på ishavsskute i Brandal

Etter gigantfadesen på John Dee der Drittmaskin gikk på bandnorges største økonomiske smell så langt i 2024, valgte frontmann Grindadrap å trekke seg ut av “mennesklege relasjonar” på ubestemt tid. 

Av: Per-Ottar Dønningen. Oppdatert 29. mars.

Grindadrap tok hyre som maskinist på ishavsskuta “Polarstar” då han, i følge seg sjølv, trengte noko meir handfast å konsentrere si skapande og forsonande kraft mot. Sunnmørs Budstikke møter Grindadrap midt i Brandal sentrum ein solfylt dag i påska.

– Eg har vore veker i maskinrommet og utallege turar mellom Brandal og Ålesund, og byrjar no å få vemodet under kontroll, seier han.

Etter eit tilfeldig møte med Blodknoke-frontmann Hatskrømt på ein heime aleine-fest med J.A. Riise, byrja tanken om eit comeback å smyge seg inn mellom skinkene.

– For å sikre ein komplett og uoppretteleg fiasko, avtalte vi at comeback-konserten skulle haldast på T2 i Ålesund med “Eid kommune” som oppvarming, fortel Hatskrømt til SB over kryptert satelittelefon.

– Ålesund sin store sønn, Big Brother-Ramsøy, er eit av mine store forbilder. Eg gløymer aldri det han sa rett før han gikk inn i Big brother-huset den februardagen i 2001, reflekterar Grindadrap medan han inspiserar bifangsten.

“If you’re not living on the edge, you’re taking up too much space. E d nokke k…” – Ramsy Suleiman 

 

Bandet har gitt ut to album: Sosial Prolaps (2018) og Svartpønk (2021) og ei mengde rot.

Poster concert Ålesund
Grindadrap tar seg i det og viser oss ishavsskuta Aarvak, som no ligg beskytta mot vær og vind i ein gigantisk glasshall i Brandal sentrum.
 
– Det å vere frontmann i eit band som Drittmaskin er krevjande til tider. Du er ute i krigen og kjempar slik som Aarvak kjempa mot isen der oppe i nordområda. Blir du der for lenge frys du inne og risikerar at isen knuser skuta. Ein må inn, gjere jobben og så ut igjen. Skuta må få pauser. Vedlikehaldast for så å dra ut i iskrigen igjen.
Grindadrap by boat

Grindadrap framfor Aarvak.

DRITTMASKIN – faktisk frå Brandal

Grindadrap insisterer no på at Drittmaskin faktisk kjem frå Brandal, noko han får vekslande aksept for innad i bandet. Grindadrap har óg forsøkt å få flytta bandet inn i ein bubil han visstnok skal ha parkert inne hos Aasen Bil-Demontering i Brandal sentrum.
 
Vi e Brandalølinga og vi e stolte av det. Her skal vi leve, drikke, køyre bil og bu – Grindadrap
– Kvitneset er vår “go to” både når det kjem til Pokemon Go og sjeleleg rensing.
Han viser til poke-gymmen som ligg der og til kjenslene ein får når storbårene slår over svaberga der ute.
– Eg er så å seie født og oppvasken her, seier Grindadrap.
 

Drittmaskin spiller konsert i Ålesund fredag 12. april sammen med Eid Kommune.

Etter det går turen til Bergen, Oslo og Gøteborg.

Grinda outside caravan shop

Grindadrap har møtt sterk motstand frå DRITTMASKIN når det kjem til å flytte inn i bubil i lag, men ser på seg sjølv som visjonær og fasitbærar.

Samtidig som Grindadrap skildrar comeback-konserten som finner stad på T2 fredag 12. april 2024, kan han fortelje at Drittmaskin óg skal spele ein konsert saman med Fretmiden på Victoria i Bergen lørdag 13. april.

– Endeleg skal vi vise dei byfolka korleis ting skal gjerast, huttar han med knytt neve.
 
Det at han sjølv har budd meir enn 20 år – meir enn halve livet – i Bergen ynskjer han ikkje uttale seg om.
 
Vi spelar og Revolver Oslo 24. mai saman med Dønk og i Gøteborg den 25. mai så det blir mykje tid i krigen med kaffelatte-bysleikar framover.

 

Grindadrap held fram med å vise oss sin nye heimstad, samtidig som han til stadighet kjem med hybridsitat der tekstar frå Anna & Vilde og John Olav Nilsen er blanda saman.
Det e so ej bruka å sei. “Over ei bru og gjennom eit fjell der bur vi, Magne Aasen og han Eivind-Kjell” – ukjent

Kan bli eit surt etter-seilas

Sunnmørs Budstikke har vore i kontakt med advokaten til manageren for gitarist Ardipithecvs, som er sjokkert over avsløringane.

– Min klients klient var heilt uvitande om Grindadrap sitt fråvêr, og føler seg sviken. Vi jobbar no med ei omfattande erstatningssak som vi reknar med å ende i forlik, melder advokat Jehns-Arthur Thomessen-Thommesen.

WC.no – et nettsted for klikksanking, sjokk & sladder og litt til.

Select your currency
NOK Norwegian krone
EUR Euro