Norgeskjendis gøymde seg på ishavsskute i Brandal
Etter gigantfadesen på John Dee der Drittmaskin gikk på bandnorges største økonomiske smell så langt i 2024, valgte frontmann Grindadrap å trekke seg ut av “mennesklege relasjonar” på ubestemt tid.
Av: Per-Ottar Dønningen. Oppdatert 29. mars.
Grindadrap tok hyre som maskinist på ishavsskuta “Polarstar” då han, i følge seg sjølv, trengte noko meir handfast å konsentrere si skapande og forsonande kraft mot. Sunnmørs Budstikke møter Grindadrap midt i Brandal sentrum ein solfylt dag i påska.
– Eg har vore veker i maskinrommet og utallege turar mellom Brandal og Ålesund, og byrjar no å få vemodet under kontroll, seier han.
Etter eit tilfeldig møte med Blodknoke-frontmann Hatskrømt på ein heime aleine-fest med J.A. Riise, byrja tanken om eit comeback å smyge seg inn mellom skinkene.
– For å sikre ein komplett og uoppretteleg fiasko, avtalte vi at comeback-konserten skulle haldast på T2 i Ålesund med “Eid kommune” som oppvarming, fortel Hatskrømt til SB over kryptert satelittelefon.
– Ålesund sin store sønn, Big Brother-Ramsøy, er eit av mine store forbilder. Eg gløymer aldri det han sa rett før han gikk inn i Big brother-huset den februardagen i 2001, reflekterar Grindadrap medan han inspiserar bifangsten.
“If you’re not living on the edge, you’re taking up too much space. E d nokke k…” – Ramsy Suleiman
Bandet har gitt ut to album: Sosial Prolaps (2018) og Svartpønk (2021) og ei mengde rot.
Grindadrap framfor Aarvak.
DRITTMASKIN – faktisk frå Brandal
Vi e Brandalølinga og vi e stolte av det. Her skal vi leve, drikke, køyre bil og bu – Grindadrap
Drittmaskin spiller konsert i Ålesund fredag 12. april sammen med Eid Kommune.
Grindadrap har møtt sterk motstand frå DRITTMASKIN når det kjem til å flytte inn i bubil i lag, men ser på seg sjølv som visjonær og fasitbærar.
Samtidig som Grindadrap skildrar comeback-konserten som finner stad på T2 fredag 12. april 2024, kan han fortelje at Drittmaskin óg skal spele ein konsert saman med Fretmiden på Victoria i Bergen lørdag 13. april.
Det e so ej bruka å sei. “Over ei bru og gjennom eit fjell der bur vi, Magne Aasen og han Eivind-Kjell” – ukjent
Kan bli eit surt etter-seilas
Sunnmørs Budstikke har vore i kontakt med advokaten til manageren for gitarist Ardipithecvs, som er sjokkert over avsløringane.
– Min klients klient var heilt uvitande om Grindadrap sitt fråvêr, og føler seg sviken. Vi jobbar no med ei omfattande erstatningssak som vi reknar med å ende i forlik, melder advokat Jehns-Arthur Thomessen-Thommesen.
Relevante saker fra Acclimated Press:
Intervju: Frontmann i Drittmaskin, Grindadrap
Norsk band offer for sensur hos strømmegiganter
Bassisten solgte alle rettigheter
WC.no – et nettsted for klikksanking, sjokk & sladder og litt til.