Lokal musikkbauta åtvarar: Dette er ikkje kultur!

Tala frå podiet under folkemøtet sist veke i Leirvikstova var klokkeklar: Ikkje støtt dette arrangementet, nok er nok! Det var veteran-musikaren Rune Nesse som sjølv stod for folkemøtet, og stiftinga av kampanja «Mindre Dritt på Stord».

Rune Nesse
Journalist

Sist oppdatert 1. oktober 23:56

Utspranget til røyrsla kom då Nesse såg Myspace-annonsa til vestlandsbandet DRITTMASKIN i august, der dei reklamerte for konsert på Gruo i oktober 2024. Etter kva Nesse skildrar sjølv vart det dropa i ei lang rekke sørgjelege og ufortente kulturinnslag på øya siste året.
– Eg skjønte at skulle noko skje så var eg nøydd å ta tak sjølv. Vi kan ikkje sitte her og ta i mot alt som Bergen og Stavanger feier under det kulturelle teppet, utan protest.
Sjølv spelar Nesse i ei rekke nasjonalt og internasjonalt anerkjende orkester, og saknar eit betre tilbod i heimkommunen sin. Initiativet må kome frå innbyggjarane sjølv – det er klart for musikaren.

– Om ikkje me stiller krav, men berre sit her og et skit, så blir det heller ikkje betre.

No oppmodar han alle lokale musikk- og kulturinteresserte til å stille i fakkeltog utanfor Gruo Pub fredag 18. oktober klokka 21:00. Sjølv vil han leie protesten, men ser seg nøydd til å vere vekke ei tid midt i demonstrasjonen.

Ikkje uventa

Manager Karl-Erik Wilhelm Tistam er ikkje overraska, men kjenner seg like framt ein tanke skuffa over initiativet til Nesse.
– Med tanke på historikken og framferda til DRITTMASKIN er ikkje dette ein ukjend velkomst, men det at Nesse sjølv både skal vere lydteknikar for konserten, og samstundes leie protesten var ein ny tvist. Den var ny, ja.
Nesse ser ingen interessekonfliktar, og understrekar at han skil tydelig mellom sivilisten Nesse, og lydmann DJ Runester MCNessy. Han lovar både engasjement i fakkeltoget, og knakandes god lyd frå scena.
– Eg, Rune Nesse, har inga tru på det som skal «leverast» frå scena denne kvelden, men DJ MCNessy køyrer gitarar på 110% piggtråd, og Grand Canyon-klang på vokalen, yo yo. Trass DRITTMASKIN, så må eg innrømme at Henrik (trommer, red. anm.) er grådig kjekk, så det er sagt.

DRITTMASKIN har ikkje ynskt å uttale seg direkte, men stadfestar gjennom manager Tistam at så lenge KrFU ikkje engasjerar seg i saka skal dei spele på Gruo Pub, saman med det plateaktuelle bandet Skuld, fredag 18. oktober.

Rune Nesse med sterk melding
Rune Nesse oppmodar til aksjon, medan DJ Runester McNessy vil at du skal lukte på fingeren.

Dette er saka (KI-samandrag)

DRITTMASKIN skal spele. Rune likar ikkje DRITTMASKIN.

Kjenner du deg støtt eller krenka av denne saka?
Her kan du melde inn di attendemelding, og få proffesjonell støtte mot eit moderat vederlag.
surmagablad.no – der nyhenda kjem for å døy
Select your currency
NOK Norwegian krone
EUR Euro